Kvam Kraftverk AS

 
 

Historie

Kvam var av dei fyrste bygdene i Hordaland som fekk sitt eige elektrisitetsverk. Kraftverket på Kaldestad og linjenettet vart igangsett i slutten av februar 1913. Kostnaden med denne fyrste utbyggjinga var på 136 000,- kroner. Mellom 1913 og 1934 vart linjenettet utvida, og ein fekk behov for eit større kraftverk. Det vart vedteke å byggja ut Kaldestadvassdraget med ny kraftstasjon, ny røyrledning for heile vassdraget og dam på Solhaug. Det nye kraftverket stod klart i 1936. I mellomtida hadde Strandebarm, som på den tida var eigen kommune, bygd sitt eige Kraftverk på Fosse. Ved heradsreguleringa i 1965, gjekk også dei to kraftverka saman til ei eining.

I dag

Kvam Kraftverk vart i 2020 omdanna til konsern. Kvam Energi AS er morselskapet, Kvam Energi Nett AS er netteigar og Kvam kraftverk AS er ansvarleg for kraftproduksjon, breiband og kraftomsetjing.

I dag har konsernet 31 tilsette.

Vi starta vår satsing på breiband i 2002 med ein visjon om at alle innbyggjarane og bedrifter i Kvam over tid skal få tilbod om tilkobling til fibernettet. Vi samarbeider med NextGenTel og BergenFiber (Altibox) om levering av internett, telefoni og TV.