Plusskunde

Plusskunde

Kundar som produserer egen straum, kan selja denne til oss. Reglane er slik at du må selja produsert straum til same straumleverandør som du har på eige forbruk.

Vår plusskundeavtale er spotpris, både på forbruk og på produksjon.

På forbruket er påslaget 6 øre/kWh og fastbeløp på kr 39 kr/mnd.

På produksjonen så får du Nord Pool spotpris utan påslag eller ekstra fastbeløp. Som privatkunde er prisen utan mva på produksjonen.

Spotpris er Nord Pool sin spotpris time for time, ganga med forbruk eller produksjon same timen. På fakturaen viser tal kWh, sluttsummen og ein utrekna snittpris. Underlaget med alle timesprisane og forbruk/produksjon finn du på MiSide.

Det er ikkje fakturagebyr på avtalen

Avtalen garanterer same månadsbeløp og påslag i 12.mnd. Kvam Kraftverk kan etter denne perioden endra priselementa og avtalevilkåra med 30 dagars varsel. Dette vert varsla på SMS og epost eller pr brev til kunde, i tillegg til kunngjering på heimeside og på strømpris.no. 

Kontaktinfo

Marknadsansvarleg Torunn Torpe

Dir. tlf: 99 38 90 20

torunn.torpe@kvam-kraftverk.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Spotpris

Neste
Neste

Fastpris