Varslings og klagerettleiing
Kvam Kraftverk AS har som mål å yte god service, men i enkelte tilfelle kan det skje at ikkje alt går som planlagt. Då set me pris på tilbakemelding slik at me kan forbetre oss.
Dersom du har oppdaga kritikkverdige forhold med/i bedrifta, er misfornøgd med noko vedrørande ditt kundeforhold eller har andre ting å klage/varsle om, kan du kontakte oss her.
Kvam Kraftverk AS vil då behandle klagen i henhold til våre rutinar for varsling/klager.
Prosedyre:
Varsling
Vår verksemd pliktar å fremje og respektera menneskerettigheiter. Me skal ha anstendige arbeidsforhold og arbeider kontinuerleg for å være i samsvar med krav i Openhetslova. Arbeidet med aktsemdssvurderingar er ein prosess som går over tid og vert evaluert jamleg.
Har du oppdaga kritikkverdige forhold, kan du varsla oss om dette på e-post: kundeservice@kraftverk.no - merka “varsling” eller fyll ut skjema under.
Kvam Kraftverk AS vil ved mottak av varsling bekrefta at den er motteken, og den vil verta besvart innan 14 dagar.
Kundeklage
Har du noko du er misfornøgd med kan du sende ein e-post til kundeservice@kvam-kraftverk.no - merka “kundeklage” eller fyll ut skjema under.
Klagen bør innehalde informasjon om kva du er misfornøgd med, eventuelt med ditt forslag til løysning. Få med alt du meiner er relevant informasjon.
Kvam Kraftverk AS vil ved mottak av kundeklage bekrefte at klagen er motteken, og klagen vil verta besvart innan 14 dagar.
Dersom det ikkje er mogeleg å konkludere innan 14 dagar, vil me innan same frist gje kunde skriftleg beskjed om status for klagebehandlinga, samt forventa tidspunkt for endeleg tilbakemelding.